The Call of the Wild

Film · 2020 · · 7. januar 2021
4/5

Hunden Buck blir kidnappa frå ein stad i dei amerikanske sørstatane for å bli seld i Alaska. Dette er byrjinga på ein hund sin søken etter det gode liv. Buck er ein intelligent hund som krev mykje, meir enn han vanlegvis har fått. Hellet med eigarar har ikkje alltid vore det beste heller.

The Call of the Wild tar oss med på Bucks reise som strekker seg over lengre tid, ulike eigarar, funksjonar og stader. Hunden er animert, og det er godt utført, men det er tydeleg at han ikkje er ekte. I tilfelle til denne filmen er det positivt. Dei grusame tinga som skjer Buck blir dempa noko av hans digitale seg. Dei andre hundane han møter er også animert. Moglegheitene dette gir blir brukt til å overdrive eigenskapane og oppførselen til hundane. Her reknar eg med at det er kvar sin smak om dette bra eller dårleg. Eg sette stor pris på mykje av det dette kunne by på. Blant anna er det mye god humor som følger.

Ein annan ting eg vil velje å framheve er samspelet mellom Harrison Ford og ein digital hund. Trass i at eg veit og har det i tankane at Buck ikkje er ekte, så klarar skodespelaren likevel å overbevise i det som blir eit samspel etter postproduksjon.

Er det ein ting denne filmen er god på, så er det å overdrive. Det er ikkje berre hundane som er animerte. Filmen er ganske så gjennomsyra av effektar som sannsynlegvis kunne ha vore litt meir realistiske. Men for å sjå det positive i denne delen av filmen, så gir overdrivingane og effektbruken eit preg som skyv filmen mot det fantastiske. Ikkje som i fantastisk god, men vekk frå realismen og mot det eventyrlege.

Til sjuande og siste er dette ein film som handlar om forholdet mellom menneske og hund. Innpakka i ei forteljing sett til Yukon-område i Alaska under gullrushuet mot slutten av 1800-talet.

IMDb-logo
The Call of the Wild 2020 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Harrison Ford (I)Omar SyCara GeeVis alle

Sjangrar

Land