The Captive

Eit par mista dottera si for åtte år sidan. Nye spor i saka, der politiet framleis har mannen (Ryan Reynolds) som mistenkt utan å ha bevis, gjer at saka utviklar seg vidare.

Mykje har skjedd på åtte år, men livet til foreldra har ikkje blitt betre. Og situasjonen blir ikkje lett for dei når dei nye spora dukkar opp.

The Captive er ein isolert og kald film. Handlinga går føre seg i utkanten og på vinterstid. Dette gir ei passande stemning for det dystre innhaldet. Det største problemet til filmen er hoppinga i tid. Her kunne me fått litt betre forklart kva som skjedde på ulike tidspunkt. I tillegg er Ryan Reynolds i hovudrolla litt vel blass, med tanke på situasjonen dei prøver å fortelja at han er i.

Det er litt å kritisere her og der, men alt i alt er det gripande nok til at eg lar meg underhalda frå start til slutt.

The Captive 2014 plakat - Filmdagbok