The Carrie Diaries (2013–2014)

Serie / 21. mai 2014
3/5

The Carrie Diaries er en tenåringsserie som tar for seg Carrie Bradshaws ungdomstid, frå 16-årsalderen og utover. Carrie Bradshaw er namnet på hovudpersonen i HBOs suksesserie frå nokon år tilbake, Sex and the City.

Lite er likt mellom desse seriane. Sjølv om begge er basert på skriveri av forfattaren Candace Bushnell. The Carrie Diaries er både i utføring og innhald en typisk tenåringsserie frå The CW, og ligg sånn sett nærare Gossip Girl enn Sex and the City. Men så har serien Stephanie Savage og Josh Schwartz på produsentsida, som har jobba i lag med både Gossip Girl og The O.C.

Då eg sette i gang med første sesong hadde eg Sex and the City ferskt i minne. Men likskapane er få, og tankane gjekk fort mindre på tvers av desse to. The Carrie Diaries går seg til som en heilt grei, men ikkje meir, tenåringsserie. Episodane i første sesong er jamne, og handlinga har ein fin flyt. Men til forskjell frå både Gossip Girls og The O.C.s første sesongar er ikkje denne noko å skryte over. Utsiktene vidare var eg likevel positiv til, for serien fant sin retning, og med minst en ny karakter i andre sesong kunne serien løfte seg noko.

Andre sesong var med tretten episodar like kort som den første. The Carrie Diaries tar aldri av her heller, men held fram med å levere grei tenåringsserie. Samantha Jones blei introdusert som ny karakter, og var ein fargeklatt når ho fekk sleppe til, som dessverre var sjeldan. Med unntak av tullet mellom Carrie og av-og-på-kjærasten Sebastian, så gjentok ikkje handlinga i serien seg, men gjekk framover i dei fleste episodane.

At high school var over etter to korte sesongar var lovande for en eventuell tredje sesong som det aldri blei noko av, og det gjeld også Carries talent for skriving. Men i lys av Sex and the City kan eg trygt si at The Carrie Diaries manglar en interessant stemme.

The Carrie Diaries 2013-2014 plakat - Filmdagbok

Merkelappar

Sex and the City, The CW

Skapar

Amy Harris

Skodespelarar

AnnaSophia Robb, Austin Butler, Ellen Wong, Katie Findlay, Stefania LaVie Owen, Brendan Dooling, Chloe Bridges, Freema Agyeman, Matt Letscher, Krystal Procida

Sjangrar

Komedie, Romantikk

Land

USA

IMDb

IMDb-side om The Carrie Diaries

Forfattar