The Choice

Det har gått eit par dagar frå eg såg denne filmen, til eg skriv om han. Filmatiseringar av bøkene til Nicholas Sparks har segla opp som ein av tinga eg ser mest fram til av nye filmar.

Når forventingane innfridde, ville eg la The Choice søkke inn noko før eg heiv meg over skrytinga.

Dette er eit romantisk drama sett til North Carolina og handlar om to naboar som blir forelska ved første møte. Han er innfødd og ein slags playboy, ho er tilflyttar og har ein type.

Dei veit det ikkje nødvendigvis heilt sjølv med ein gong, men dei kjem til å bli i lag. Filmen handlar om dette, og ei følgjande tragedie. Det ligg i lufta, og me veit at noko vil skje sju år etter dei møtes på bakgrunn av opningssekvensen til filmen.

Då eg har sett alle filmatiseringane av Nicholas Sparks-bøker som er laga, veit eg at det aldri er godt å vite kva som kan bli forventa om filmen tar ei trist retning. Filmen kan utvikle seg til å bli ei tragedie, eller holde kursen som eit melodrama. Eg skal ikkje røpe kva veg The Choice går.

Valet av skodespelarar er viktig i ein sånn film. Det må vere nokon du likar, og dei må spele karakterar som er lett å like. Med Benjamin Walker og Teresa Palmer treff Ross Katz godt, og det er eit solid ensemble som utgjer det utfyllande rollegalleriet.

The Choice menger seg med verkemiddel og vendingar som noko lett kan bli kategorisert som klisjear, og kanskje overdramatisk. Eg både ser og likar at dette er ein seriøs film, som tør å bruke veletablerte grep. Eit par stader går det for langt, men for det meste er denne filmen berre fin og god.

The Choice 2016 plakat - Filmdagbok