The Christmas Card

Du verda for ein enkel film å starte årets julefilmsesong med. The Christmas Card er laga for tv, og ber preg av dette. I form av at filmen er ein typisk, klisjefull tv-film frå Hallmark. Så enkel og banal at eg lo betre her enn i ein gjennomsnittleg komedie.

Cody Cullen er militærmann og får eit julekort tilsendt til seg når han er utstasjonert i Afghanistan. Eit tilfeldig kort sendt til ein anonym soldat. Året etter reiser han til ein liten, koseleg småby i USA for å oppsøke kvinna som sendte brevet.

Romantikk, jul, snø og familie er sentrale tema for handlinga som utfoldar seg.

Eg har lite kjennskap til dei sentrale skodespelarane, med unntak av Edward Asner. Så om dei er dårlege, eller om regissøren har gjort ein elendig jobb å regissere dei, det er eg usikker på. Men det er iallfall komisk dårleg. Ikkje irriterande, ikkje øydeleggande, berre komisk. Og måten filmen er redigert på, og kva som er tatt med, underbyggjer det banale eg nemnde innleiingsvis. Eksempelvis overspelte blikk mellom karakterar. Eller sekvensar som så altfor tydeleg berre har ei hensikt, og kuttar brått når det er gjort unna.

Men med ufrivillig humor og litt søt romantikk så blir det faktisk heilt greitt til slutt. Og betre enn forventa. Så eg må vel sei at The Christmas Card gjorde nytten. Og det å vere ein enkel, tv-film på lågt budsjett kan ha sin sjarm. Som når kunstsnø limer seg fast i ansiktet. Og uttrykkslause ansikt blir del av det ferdige produktet.

Eg vil på ingen måte anbefale The Christmas Card. Og eg vil ikkje avfeie filmen heller. Han har nok sitt publikum og sin plass, men det er verken for den kravstore eller på kino.

The Christmas Card 2006 plakat - Filmdagbok