The Christmas Wish

The Christmas Wish er eit tv-drama med Neil Patrick Harris, Debbie Reynolds og Naomi Watts. Det er passande nok den mest sentimentale av alle julefilmane eg har sett i år.

Neil Patrick Harris er komme tilbake til heimbyen. Han har fått permisjon frå jobben i New York grunna bestefaren sin død. Jula nærmar seg og han spør kva bestemora (Debbie Reynolds) ønsker seg. Ho hentar fram ein gammal journal som bestefaren skreiv og viser til eit namn som står skrive, Lillian. Ho ønsker å få vite kven Lillian var.

The Christmas Wish handlar om å finne ut kven ein sjølv er, like mykje som å finne ut kven andre var og er. Det er ein film fylt med klisjear som fungerer. For eg som er kjent med Neil Patrick Harris frå dei siste åra er det uvant å sjå han i ei seriøs rolle. Men det gjorde meg skjerpa til å sjå om det seriøse fungerte.

Som eit studie i klisjefylt sjangerfilm er dette eit lite Mekka. Men eg må òg innrømme at eg blei ganske rørt. Spesielt når filmen er på sitt mest sentimentale. At Neil Patrick Harris får følge av både Naomi Watts og Debbie Reynolds gir eit stjernepreg som eg set stor pris på. Filmen hadde ikkje vore den same utan.

Det er fint med ein ekstra spesiell julefilm på julaftan, når eg i førjulstida har sett 23 julefilmar. The Christmas Wish blei eit tilfeldig val, men eit godt eit. Eg snubla over filmen mens eg gjorde forarbeid til innlegget om The Great Rupert, også kalla A Christmas Wish, og klarte ikkje motstå.

Per i dag er filmen del av ABC Family's 25 Days of Christmas, nedteljing til ABC til jul på tv-nettverket. Han vart laga av Feature Films for Families i 1998 for å sendast på CBS, og formatet er 1.33:1.

The Christmas Wish 1998 plakat - Filmdagbok