The Chronicles of Narnia: The Voyage of the Dawn Treader

Film · 2010 · · 29. desember 2020
3/5

Den tredje og siste filmen i rekka av The Chronicles of Narnia-filmar som kom på 2000-talet er The Chronicles of Narnia: The Voyage of the Dawn Treader. Lenger enn å filmatisere dei tre første bøkene kom altså ikkje Walden Media, som står bak produksjonen. Denne gongen utan Disney. Men likevel 20th Century Fox, som Disney seinare har kjøpt opp.

Nok ein gong går turen tilbake til Narnia, ei eventyrleg verd der magi finst, dyr kan snakke og ei guddommeleg løve blir tilbede. I dei to tidlegare filmane var det fire søsken som blei dratt til Narnia. To av dei er no for gamle, og dei to yngste har her med seg ein plagsom fetter på reisa.

The Chronicles of Narnia: The Voyage of the Dawn Treader er eit godt hopp opp frå The Chronicles of Narnia: Prince Caspian, sjølv om rangeringa mi ikkje viser det. Her er det ei god og samanhengane historie. Det handlar om ei havreise der målet er å dra innom ulike øyer for å hente sverd. Og på denne reisa skjer det mange eventyrlege ting som involverer alt frå dragar til trolldom. Men også sidan filmen ikkje berre handlar om krig, som sin forgjengar, så er det meir historie med plass til religiøst inspirert tematikk. Den store svakheita til The Chronicles of Narnia er nettopp dette. Og sjølv om eg vil og forsøker å sjå forbi det, så er det her, og det trekk litt ned.

Men utover det så er The Chronicles of Narnia: The Voyage of the Dawn Treader ei kurant avrunding på ein filmserie som godt kunne ha blitt litt lenger.

IMDb-logo
Filmfront-logo
The Chronicles of Narnia: The Voyage of the Dawn Treader 2010 plakat - Filmdagbok