The Circle

Film · 2017 · · 6. februar 2021
3/5

The Circle er ein film som forsøker å vere kritisk mot sosiale medier. Eller for sosiale medier. Det er ikkje godt å sei. Men det tar heldigvis ei god stund ut i filmen før denne sausen av rådlause blir synleg.

Emma Watson spelar ei ung kvinne som får jobb med kundesupport i eit stort teknologifirma. Her ser eg for meg ei blanding av alle dei store, som Apple, Facebook og Alphabet. Selskapet held på med ei plattform for sosiale medier og med teknologiutvikling. Kvinna er litt skeptisk i starten, men blir etter kvart med på det selskapet preikar. Det inneber også ein sosial bedriftskultur av ei anna verd.

Ei stund var eg spent på om kvinna skulle blir forbli skeptisk og kanskje utvikle seg til å bli kritisk. Men det verkar som ho mistar taket. Eller gjer ho det? Det er ikkje godt å sei.

Det er vel sånn at filmen ikkje er tydeleg nok på karakterane sine. Då blir det ikkje så spennande som det kunne ha blitt. Og slutten sår tvil om så mangt eg kan ha tenkt meg fram til i si utydelege formidling. Så eg veit ikkje heilt kva eg skal tru om The Circle. Anna enn at han hadde trengt litt meir arbeid.

Les ei anna melding på cinemaonline.dk (dansk).
IMDb-logo
Filmfront-logo
The Circle 2017 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Emma Watson (II)Ellar ColtraneGlenne HeadlyVis alle