The Circus

The Circus er ein stumfilm med Charles Chaplin i hovudrolla. Han spelar landstrykaren, hans mest kjente rollefigur som går igjen i mange av filmane hans.

I denne filmen forvillar karakteren seg inn på eit sirkus, kor han endar opp med å bli det store trekkplasteren, utan at han veit det.

Filmen i heilskap heng godt saman, og formidlar på ein lettforståeleg måte historia hans frå ukjent til kjent. Utan å bruke for mange tekstplakatar.

Stykkvis er det mykje artig som skjer undervegs, i scener som lett kunne ha stått på eigne bein, men som får ein ekstra dimensjon når du kjenner til årsaka til at dei skjer.

Det er ikkje berre komedie og fryd her heller, men filmen har ein seriøs undertone slik mange Charles Chaplin-regisserte filmar har. Stumfilm er noko eg ofte må venne meg til igjen på nytt kvar gong, men det er ikkje noko problem med ein film som The Circus.

The Circus 1928 plakat - Filmdagbok