The Client List

Film / 2010
3/5

Jennifer Love Hewitt spelar ei pen kvinne og mor i The Client List. Ein film kor familien hennar slit økonomisk, og ho byrjar i ein jobb som massøse, trur ho.

Jobben blir fort avslørt som eit bordell, men ho blir verande, og blir altså prostituert.

Det fornøyelege med denne filmen er at han styrer unna alle originale idear. Det framstår for eksempel som ei sjølvfølgje at prostitusjon medfører narkotikabruk. Forsøket på å sjokkere endar heller opp med å more.

The Client List blir likevel ikkje ein ufrivillig komedie. Eg tykkjer at fleire av dei dramatiske stundene i filmen fungerer. Forventingane mine var ikkje høge, så eg bryr meg lite om overdrivne dialektar og føreseielege oppsett og resultat.

Det eg forventar er ei enkel historie, bruk av klisjear og kjente element, og ei pen kvinne i hovudrolla. Dette er trass i alt ein Lifetime-film.

The Client List 2010 plakat - Filmdagbok