The Constant Gardener

Kva skal eg seie? Her er det utan tvil mykje å gripe fatt i, både positivt og negativt. Og sidan det er mest av det positive, så kan eg like godt starte med det.

Tempoet, som eg veit kunne vore i seinaste laget på ein typisk kvardag, slo godt an i dei avslappande laurdagstimane. Med sine to timar gir filmen mengder av tid til å bli kjent med den britiske kommissæren Quayle (Ralph Fiennes) og omstenda rundt han i tilværet hans i Kenya. Det er så god tid at det faktisk går mange lange minuttar før eg får med seg kva filmen eigentleg handlar om, og sidan det ikkje står noko bakpå omslaget til filmen om kva som knyt filmen saman, så vil ikkje eg skrive det her heller.

Eg merkar at filmen prøver å treffe ømme punkt, men det gjekk ikkje i hamn her. Det er mange skildringar av dei fattigslege afrikanske kåra, mange nydelege og triste bilde med Quayle og kona Tessa (Rachel Weisz). Men ingenting treff altså, og det er med dette som grunnlag eg seier at filmen kunne ha vore betre. Historia har både djupne og eit aktuelt tema. Ingenting å utsette på det, og Ralph Fiennes har haldninga som passar godt i ei slik melankolsk rolle. Så ut av det heile, trass i sitt heller labre tempo, vil eg sei kom ein ganske så heilt vanleg god film.

The Constant Gardener 2005 plakat - Filmdagbok