The Conversation

Eg hadde i grunn ingen peiling på kva eg gjekk til, anna enn at dette var ein Francis Ford Coppola-film, produsert i San Francisco under American Zoetrope og gitt ut av The Director's Company. Iallfall noko i den dur.

I desse dagar då alt skal gå så fort, og mykje skal skje, så er denne filmen eit klart utskot. Det er lite tale, trass tittelen på filmen, og det tar si tid å bli skikkeleg involvert. Men med ein konsentrasjon på høgt nivå i kveld så storkoste eg meg blant jazzmusikk og ein inneslutta person iført skikkelen til Gene Hackman.

Og når det hadde gått ei stund byrjar det å bli spennande og eg fekk den gode kjensla som dukkar opp når eg ser ein god mystikkfilm. Handlinga gjekk aldri mykje fortare, men alle dei lause trådane fekk hjernecellene mine til å surre rundt som tullebukkar, og eg trur nesten eg blei litt paranoid lik Henry Caul.

Til å vere ein film på nærare to timar gjekk han overraskande greitt. Eg har litt vanskeleg for å sette meg ned midt i veka med lengre filmar, men her så eg ikkje på klokka ein einaste gang. Det er eit stort pluss.

The Conversation 1974 plakat - Filmdagbok