The Cook, the Thief, His Wife & Her Lover

Etter å ha styrt unna filmane til Peter Greenaway etter eit keisamt møte med The Draughtsman's Contract i 2006, gav eg den kjente filmen The Cook, the Thief, His Wife & Her Lover ein sjanse.

Det var ein sjanse for mykje. For heller ikkje dette fall i smak. Reint visuelt er dette herleg og bisart. Men på dei fleste andre måtar er dette rett og slett fælt.

Eg er usikker på kva som støyter meg unna. Det kan vere mange små ting som gjer utslag, men resultatet er stort sett alltid keisemd når gjeld film for min del, når det er snakk om negativt utslag. Ein gong i blant er filmar avskyelege og kritikkverdige på andre måtar, då prøver eg å trekke fram det som årsak.

Kanskje er det at filmen på kjent vis har blitt tolka som Peter Greenaway sin kritikk mot Thatcher. Utan at eg favoriserer ho, så har eg ein tendens til å mislike filmskaparar som er for politiske. Som regel er dei i sosialistisk retning, og angrip fridom per se. Eg prøver å ikkje la tankane til andre om ein film spele inn, men dette sit djupt.

Det var mine fem øre om The Cook, the Thief, His Wife & Her Lover. Ein film eg eigentleg ikkje hadde stort eg ville sei om, bortsett frå at han set meg i ei ubehageleg stemning og er kjedeleg.

The Cook, the Thief, His Wife & Her Lover 1989 plakat - Filmdagbok