The Cottage

I havet av nye filmar kvart år er det nokon som skil seg ut som gode, andre blir slakta, igjen står dei som er midt på treet, desse er som regel dei eg tar sjansar på og blir skuffa av. The Cottage er ein typisk midt på treet og blodig skrekkfilm. Han har prøvd seg på ei litt uvanleg vending, eller blanding og han mislykkast, men står like fullt fram som annleis enn den verkelege driten der ute.

Det heile byrjar med to menn i ei hytte, desse har utført ei ugjerning og den eine er ganske så nervøs, rettare sagt heilt i frå seg. Litt etter litt går det opp for oss kva dei har gjort og kvifor dei er reist til hytta. Som med folk som utfører ugjerningar er det andre folk etter dei, og sidan dette delvis er komedie er ikkje alle folka i filmen like smarte heller. Det ligg i korta at ting etter kvart skal gå skeis. Som om ikkje det var nok, når ein av dei to mennene er innom den næraste landsbyen for å nytte telefonkiosken møter han på innfødde som talar om noko skummelt i skogen nær hytta.

Grunnen til at The Cottage ikkje verkar er at humoren forsvinn i ei sprekke i golvet. Ingen av dei involverte er spesielt interessante, trass i Andy Serkis, trass i Jennifer Ellison. Gjennom eit veldig langt første parti av filmen er det rett fram kjedeleg. Når det først byrjar å skje noko ekstra har keisemda sett seg altfor godt til beinet at det pregar humøret mitt til siste slutt. I siste partiet er det nokon vanvittig ekle og stilig nok samansette blodsbad, synd er det at eg då har fått nok og at dette partiet er heilt på trynet i historia fordi komedien aldri har fungert nok til å gi rom for sinnsjuke vendingar.

The Cottage er ikkje blotta for gøy eller guffe, han klatrar opp på eit middels nivå. Styr likevel unna han, uansett kva du høyrer om han som ny britisk grøssarkomedie.

The Cottage 2008 plakat - Filmdagbok