The Counselor

Film · 2013 · · 18. juli 2021
2/5

Med The Counselor er det ikkje godt å vite kva regissøren Ridley Scott har forvilla seg bort i. Det er hans svakaste film sidan Legend.

Basert på eit manus av Cormac McCarthy, som forøvrig har skrive bøker som har blitt til fantastiske filmar som The Road og No Country For Old Men.

Det er mykje som ikkje klaffar med The Counselor. Men og ting som er gode. Som Brad Pitt sin opptreden. Actionsekvensane og valden er godt utført. Men dialogen, praten om kvinner og sex, her feilar filmen fullstendig. Og ikkje på grunn av at det er med, men fordi det verkar som ein kåt tenåring som har skrive det.

Hadde dette blitt gjort på ein god måte, så hadde filmen kunne framstått som både dristig, provoserande og ei skildring av ein type menn. Men det blir dårleg bearbeidd og pakka inn, og feilar fullstendig.

Feilar gjer forøvrig også rollen til Cameron Diaz, og den vanlegvis gode Michael Fassbender får ikkje stort å jobbe med i hovudrolla si.

Dette er ikkje verdt å bruke tida si på, trass i mange namn med tyngde både framfor og bak kamera.

Les også meldingar på filmfront.no (norsk) og reelfilm.com (engelsk).
IMDb-logo
Filmfront-logo
The Counselor 2013 plakat - Filmdagbok

Sjangrar