The Cowboys

I år 1972 når The Cowboys kom ut, var John Wayne blitt 65 år gammal. Han hadde framleis nokre år igjen før The Shootist frå 1976 blei den siste han spela i. Og sjølv om alderen hans merkast, har han mykje energi på skjermen og spelar ein fysisk sterk mann som driv med storfe.

Like før Wil Andersen (John Wayne) skal flytte ein bøling med kyr over 600 km for å selje dei, blir alle vaksne menn i område ramma av gullfeber. Å vere hjelparar på kuflyttinga blir uinteressant mot å søke lykken i nærleiken der det er funne gull. Igjen står Wil med eit stort behov for nye hjelparar.

Som plakaten spelar på så blir det til slutt at han legg i veg med ti unge gutar som endå er i skulealder.

Filmen handlar om ein brå oppvekst. Dei unge gutane må bli menn veldig fort. Det handlar om ein eldre mann som forsonar seg med fortida. Og det handlar om vennskap, ansvar og respekt.

Det er ein film som har hovudstraumspreget frå tidleg 1970-tal. Måten han er filma på, måten dialogen er ført på, og korleis kameratar blir framstilt. The Cowboys er lett tilgjengeleg soleis. Han er heller ikkje fri frå alvor, og har nokon dramatiske stunder. Men alt i alt er det håp. Det at ingen gir opp, og rett skal vere rett, gjer at eg likar han.

The Cowboys 1972 plakat - Filmdagbok