The Craft

Slutten av 1990-talet slår meg i stadig større grad som perioden for filmar om hekser og heksekunst. Fleire med en lettfatteleg stil og til dels humoristisk preg. Enten med vilje eller sett i ettertid.

The Craft handlar om fire jenter på high school som rotar seg bort i heksekunster. Dei som går i mot dei får smake på det dei har lært. Typisk nok har dette sin pris, og ting tar ei vending mot det verre etter kvart.

Konsekvensane er alvorlege, men heksekunstene held fram ei stund til. The Craft får ingen pris for originalitet, men er ein underhaldande sak, og ei high school-vinkling på tradisjonelle tema er ikkje eit feil utgangspunkt for min del.

Det endar opp med å bli ein film midt på treet. Det dryg litt, men held det sånn passe gåande heile vegen. Det tyngste er det føreseielege. Artig er det når ting blir verre enn eg trur.

The Craft 1996 plakat - Filmdagbok