The Crazy Ones

Serie / 2013–2014
3/5

The Crazy Ones er ein komedie om folka i eit reklamebyrå i Chicago. Robin Williams og Sarah Michelle Gellar deler toppkreditten som far og dotter i byrået. Resten av besetninga er andre velkjente namn frå velkjente seriar.

Gjengen me følger er frå høgste til lågaste posisjon i selskapet. Ein samansveisa gjeng av sprø personlegdommar, der Robin Williams står fram som den mest fargerike. Ei blanding av humor i jobbsituasjonar og privatliv utgjer The Crazy Ones, som ofte kryssar over ettersom brorparten av komedien går føre seg på kontoret.

Improvisasjon verkar å vere ein sentral del av produksjonen og gir eit frisk pust. Dette trengs, for elles kunne serien fort ha verka å prøvd for hardt. Den visuelle stilen til serien er rein og ryddig, og det trengs litt røff og tilfeldig humor for å live det opp.

Eg tykkjer at serien leverer mykje bra, byr på ein del latter, men også at det held med den eine sesongen det blei. Det vesle ekstra som gjer at eg blir hekta, finst ikkje. Neste episode må ikkje bli sett. Men eg kan likevel sette pris på episodane når eg ser dei.

The Crazy Ones 2013-2014 plakat - Filmdagbok

Publisert

3. september 2015 av

Merkelapp

CBS

Skapar

David E. Kelley

Skodespelarar

Robin Williams, Sarah Michelle Gellar, James Wolk, Hamish Linklater, Amanda Setton, Brad Garrett, Tiya Sircar, Josh Groban, Fred Melamed, Steve Talley

Sjanger

Komedie

Land

USA

IMDb

IMDb-side om The Crazy Ones