The Crow

The Crow er favorittfilmen til Dwight Schrute, ein av dei sære karakterane i den amerikanske versjonen av serien The Office. Det er og den siste filmen Brandon Lee, son av Bruce Lee, spelt inn før han på ulykksalig vis blei drepen av ein rekvisittpistol.

I ein mørk, regnvåt by har ein kriminell organisasjon gjort seg vant til å tenne på bygningar og terrorisere folk natta før Halloween. Shelly Webster og Eric Draven (Brandon Lee) blir offer for ei av undergruppene til organisasjonen. På årsdagen for drapa står Eric Draven opp igjen frå grava og blir til the crow, på søken etter hemn.

Eg fekk ei skikkeleg kjensle av å ha sett meg ned igjen med The Punisher, for dette må vere ein av dei verre teikneserieadapsjonane eg har sett. Her blir det spilt på at gotisk er kult over heile linja. Det har ein dårleg appell på meg, og eg er dum nok til å tvinge meg gjennom filmen etter ein første halvtime som er svak.

Det er rart kor lite eg trivst med å sjå The Crow når eg likte Dark City. Det er ein annan Alex Proyas-film som har nesten eit identisk miljø, og som er skikkeleg kul.

The Crow 1994 plakat - Filmdagbok