The Curious Case of Benjamin Button

Film · 2008 · · 29. desember 2008
4/5

Ein gong i blant kritiserer eg det som eg kallar for typiske Oscar-filmar. The Curious Case of Benjamin Button er ein av desse Oscar-filmane, men blir heller gjenstand for skryt enn kritikk.

Sjølv om dette ikkje blir kritikk, vil eg berre kort forklare kva ein Oscar-film er. Det er ein film med ein i gjerne ufortent eller generaliserande merkelapp som agn for Oscar-komiteen. Ein film som spelar på å setje søkelyset på eit sært eller alvorleg tema innanfor svært trygge rammer og er ypparleg produsert.

I The Curious Case of Benjamin Button er det sære ein mann som blir yngre etter kvart som han blir eldre. Som blir fødd som gammal, og dør som ung. Brad Pitt er mannen, og den fantastiske Cate Blanchett er senteret i historia.

Dette er eit drama med fantasielement som fungerer godt. Ei av drivkreftene er nysgjerrigheita for kva som vil skje etter kvart som Benjamin blir både eldre i år og fysisk yngre.

IMDb-logo
Filmfront-logo
The Curious Case of Benjamin Button 2008 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Cate BlanchettBrad PittJulia OrmondVis alle

Sjangrar

Land