The Current War

I The Current War knivar Thomas Edison og George Westinghouse om kva straumtype som skal bli den gjeldande i USA. Britiske Benedict Cumberbatch har lagt på seg ein tjukk amerikansk aksent og Michael Shannon har eit monster av ein bart i den lærerike kinofilmen frå 2017.

Blant mange filmar på straumetenestene som såg ut til å fortelje dystre historiar dukka The Current War opp som eit potensielt lyspunkt. Ein film med eit historisk tema som i det minste omhandla det å skape noko, nemleg straumnettet.

Og sjølv om dette ikkje gjekk til topps på listene mine, så er det ein god film på så mange måtar. Godt skodespel, god historie, god produksjon og det stoppar aldri opp. Det eg har å trekke på er at filmen er så typisk at eg tykkjer at eg har sett han før. Eg får aldri taket på Thomas Edison og George Westinghouse som historiske personar her, men synst meir dei er stereotypar henta ut frå filmar om konkurrerande personlegdomar. Eg skulle gjerne sett ein film som våga eller evna til å skilje seg meir ut.

Det sagt, så lot eg meg underhalde godt av The Current War. Han er kort i frå å klatre på rangeringa, men manglar altså det vesle ekstra.

The Current War 2017 plakat - Filmdagbok

Publisert

2. april 2020 av

Regissør

Alfonso Gomez-Rejon

Manusforfattar

Michael Mitnick

Skodespelarar

Benedict Cumberbatch, Oliver Powell, Katherine Waterston, Nancy Crane, Liza Ross, Tim Steed, Michael Shannon (V), David Morley Hale, Amy Marston, Robert JezekVis alle 112 skodespelarar

Sjangrar

Biografi, Drama, Historie

Land

USA, Russland, Storbritannia

IMDb

IMDb-side om The Current War