The Curse of the Jade Scorpion

The Curse of the Jade Scorpion var i lag med Anything Else blant dei første filmen av Woody Allen eg såg, og sjølv om han er eit stykke i frå å vere den beste, så er det ein morosam og god film.

Woody Allen spelar mot Helen Hunt. Han som etterforskar CW Briggs for eit forsikringsselskap, ho som effektiviseringskonsulent Betty Ann Fitzgerald for det same selskapet. Frå første stund er dei bitre fiendar.

Då dei begge deltek i eit hypnotiseringsnummer, blir dei i ettertid offer for dei kriminelle planane til hypnotisøren. Hhypnotisøren blir spelt av ein smått legendarisk David Ogden Stiers frå M*A*S*H.

Filmen kan kallast ein slags kriminell forviklingskomedie. Alle korta ligg på bordet under forteljinga, så det går meir på smart dialog enn lure vriar. Denne ærlege og opne stilen er nok meir Woody Allen enn det motsette, og passar såleis. Den smarte dialogen kunne med fordel ha vore spissare, men går heim hjå meg.

Det beste med filmen endar opp med å bli den ærlege stilen som får sitt utspel gjennom det karakterane seier og gjer utan filter.

The Curse of the Jade Scorpion 2001 plakat - Filmdagbok