The Da Vinci Code

Det skal visstnok vere greitt å sjå filmen, for deretter å lese boka. Men å lese boka, og deretter sjå filmen er av dei som har peiling nok ikkje anbefalt, eller dei som har lese boka og sett filmen etterpå. Eg er ein av dei i den siste gruppa.

Det byrjar å bli ei stund sidan eg las boka rett nok, men mykje av ho stod framleis sterkt nok i minne til at denne filmen ikkje fungerte så godt som eg skulle ønske meg. Og kjensla av å lese boka hugsar eg som det var i går, for ho var av typen eg ikkje hadde lyst å legge frå meg.

Filmen er på mange måtar god. Han har ei historie som krev at du følger med, og det kan jo ikkje vere anna enn eit pluss. Det var vel aldri tvil om at ein adapsjon av boka kunne ha blitt hjernedød action heller. Men eg saknar det grepet som held fast på meg, og med sine neste tre timar blir dette altfor langt, uansett kor mange detaljar Ron Howard har prøvd å putte inn i filmen.

At Tom Hanks og Audrey Tautou verkar malplasserte her er nok ikkje fullt deira eigen feil, men heller Akiva Goldsman, som står bak manuskriptet. Mykje av det som blir sagt er enten altfor opplagt til å bli tatt med eller altfor intelligent til å bli forstått så raskt. At Tom Hanks er ein mann som går på prøvetid hjå meg hjelp ikkje. Han har absolutt spelt i gode filmar, men også opptrådd i for sentimentale langfilmar som eg dessverre har sett, og det slit på bilde eg har av han.

Dommen er i grunn klar frå mi side, eg har lese boka, og det faktum gnog på tolmodet mi for denne filmen. Her er det mykje som kunne blitt gjort annleis eller fjerna, nokon historiske bilde med kaldt blått lys med sin uskarpe dataanimasjon ser eg for eksempel ikkje meir i enn å gi distanse til filmen.

Filmen klarer ikkje å involvere meg på eit personleg nivå, og eg føler aldri sympati med hovudrollene eller spenningen dei visstnok opplever. Men det veg opp at filmen elles er eit godt stykke arbeid, reint teknisk, og at det vesle av humor som finst her er morosam. At han fekk meg til å mimre tilbake til dei gode stundene eg hadde med boka og at Ian McKellen dukkar opp som Sir Leigh Teabing.

The Da Vinci Code 2006 plakat - Filmdagbok

Publisert

4. desember 2006 av

Regissør

Ron Howard (I)

Manusforfattarar

Akiva Goldsman, Dan Brown (VI)

Skodespelarar

Tom Hanks, Audrey Tautou, Ian McKellen, Jean Reno, Paul Bettany, Alfred Molina, Jürgen Prochnow, Jean-Yves Berteloot, Etienne Chicot, Jean-Pierre MarielleVis alle 95 skodespelarar

Sjangrar

Mysterium, Thriller

Land

USA, Malta, Frankrike, Storbritannia

IMDb

IMDb-side om The Da Vinci Code