The Dangerous Lives of Altar Boys

Ein heilt grei film som ikkje engasjerte meg så altfor mykje. Eg stussa litt over plassen Jodie Foster har fått på filmplakaten samanlikna med i filmen, men det var nok opplagt eit salstriks.

Stemninga heller litt mot stemninga i Stand by Me, men er ikkje så tragisk. Historia her ligg også langt frå historia i Stand by Me. Eg såg ein knapp samanheng mellom den animerte delen og den ekte, men den animerte kunne ha vore betre integrert, og historia rundt teikneserien kunne ha vore meir omfattande.

The Dangerous Lives of Altar Boys 2002 plakat - Filmdagbok