The Dark Knight Rises

Film · 2012 · · 26. juli 2012
4/5

The Dark Knight Rises er ein Batman-film kor Christian Bale spelar Bruce Wayne og Batman. Filmen er den tredje med Christian Bale, og som er regissert av Christopher Nolan.

Som mange andre tykkjer eg Batman-filmar er kurant underhaldning. Og dette er ein opptur i frå den noko vrøvlete The Dark Knight, som eg har rangert bra, men eigentleg synest var både lang og hadde for mange dominerande trådar til å verke som ein samanhengande film.

The Dark Knight Rises har ikkje dette problemet, og framstår som ein meir konkret film. Sjølv om speletida er nærare tre timer enn to.

Det er eit litt overdrive scenario, kor heile Gotham står i fare for å bli lagt i ruinar. Men det er løyst på batmansk vis, med eit glimt av humor. Iallfall er det mitt inntrykk etter å ha sett ei god mengde Batman-teiknefilmar.

The Dark Knight Rises 2012 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Christian BaleGary OldmanTom HardyVis alle

Sjangrar