The Dark Knight
Mange vil gå så langt som å kalle The Dark Knight den beste filmen i år. Enkelte vil nok også sette han på lista blant dei beste filmane dei har sett, uansett korleis eg vrir og vender på det får eg verken det eine eller det andre til å stemme sjølv.
Christopher Nolan er tilbake i regissørstolen og Christian Bale er igjen Bruce Wayne og Batman i oppfølgjaren til nysatsinga av Batman som starta med Batman Begins i 2005. Som sluttminuttet i den filmen hinta til er det igjen The Joker, ein av dei største fiendane til Batman som også var skurken i Batman av Tim Burton med Michael Keaton frå 1989, som er superskurken her. Ikkje heilt åleine, i ei innfløkt, men likevel ikkje innvikla blanding finn me både Two-Face, mafiaen og mindre problem.
Hypen som mange gav meg håp om at kunne ha noko for seg, hadde over tid bygd opp relativt store forventingar. Sidan det tok si tid før eg fekk sett The Dark Knight etter han dukka opp på kino roa forventingane seg eit par hakk ned, om det går an å uttale seg på den måten. Men det er ikkje til å legge skjul på at eg blei skuffa over filmen, som eg trass i vonbrotet vil karakterisere som ein god film.
Det gode med The Dark Knight er måten han framstill Batman på, som borgarvernaren han er, og komplikasjonane posisjon hans i Gotham City fører til på godt og vondt. Her er det rikdom på gode skurkar og motstand som unngår klovnepreget som spesielt 1990-talssatsingane av Batman hadde overflod av. Behandlinga av så mange større og mindre historier side ved side er utført med stødig hand og ingenting gav meg ved første vising inntrykk av å vere ufullstendig. Denne variasjonen hentar The Dark Knight ut frå å bli ei avgrensa handling i livet til ein superhelt. Dessverre er også dette mangfaldet noko som resulterer i at filmen får ei ubehageleg lengde som aldri, aldri tar slutt. Eg stiller meg ikkje utelukka positivt til alle skurkane heller. Dei aller minste og mest ubetydelege som ikkje utgjer hovudtrådane filmen følger kunne for min del gjerne blitt kutta.
På skodespelarane er det ingenting å utsette, her passar alle som fot i hose. Christian Bale står som ein halvveges mystisk Bruce Wayne, som avstår frå å blotte sin person fordi det rett og slett ikkje er nødvendig for filmen.
Heath Ledger forsvinn nok litt bak sminka, men The Joker her er den beste framstillinga av den psykopatiske sida av karakteren eg har sett, ei side som igjen passar bra inn i tonen til resten av filmen.
Den minst heldige karakteren er nok Harvey Dent, som tidvis er ganske anonym. Før Dent blir til Two-Face blir det brukt mykje tid på han utan at det eigentleg er spesielt interessant. Aaron Eckhart gjer det beste han kan ut av rolla verkar det som, men det er Two-Face som er den interessante varianten av Harvey Dent – og det var eit vonbrot å sjå type Terminator-teknologi bli nytta så opplagt, det fall ikkje i smak her. Her som Aaron Eckhart tok eit par steg opp i å få ytre seg på skjermen forsvann litt av moroa bak ei upassande dataanimert maske.
Sett vekk frå mange små vonbrot lét eg meg underhalda godt nok stort sett. I Batman-samanheng deler denne plassen med Batman Begins i live action-samanheng. Eg vel å utelate animasjonsfilmane som eg ser på som heilt andre filmopplevingar.
På fleire måtar kan nok The Dark Knight vere betre enn Batman Begins, men den store gleda i å oppleve ein mørkare superheltefilm var ikkje så til stades denne gongen, og det var ein del forventingar knytt opp mot dette.

Manus
Skodespel
Christian Bale • Heath Ledger • Aaron Eckhart • Michael Caine (I) • Maggie Gyllenhaal • Gary Oldman • Morgan Freeman (I) • Monique Gabriela Curnen • Ron Dean (I) • Cillian Murphy • Chin Han • Nestor Carbonell • Eric Roberts (I) • Ritchie Coster • Anthony Michael Hall • Keith Szarabajka • Colin McFarlane (I) • Joshua Harto • Melinda McGraw • Nathan Gamble • Michael Vieau • Michael Stoyanov (I) • William Smillie • Danny Goldring • Michael Jai White • Matthew O'Neill • William Fichtner • Olumiji Olawumi • Greg Beam • Erik Hellman • Beatrice Rosen • Vincenzo Nicoli • Edison Chen • Nydia Rodriguez Terracina • Andy Luther • James Farruggio • Tom McElroy (I) • Will Zahrn • James Fierro (I) • Patrick Leahy • Sam Derence • Jennifer Knox • Patrick Clear • Sarah Jayne Dunn • Charles Venn • Winston Ellis • David Dastmalchian • Sophia Hinshelwood • Keith Kupferer • Joseph Luis Caballero • Richard Dillane • Daryl Satcher • Chris Petschler • Aidan Feore • Philip Bulcock • Paul Birchard (I) • Walter Lewis • Vincent Riotta • Nancy Crane • K. Todd Freeman • Matt Shallenberger • Michael Andrew Gorman • Lanny Lutz • Peter DeFaria • Matt Rippy • Andrew Bicknell • Ariyon Bakare • Doug Ballard • Helene Maksoud • Tommy Campbell (I) • Craig Heaney • Lorna Gayle • Lisa McAllister (I) • Peter Brooke (I) • Joshua Rollins • Dale Rivera • Matthew Leitch (I) • Tommy 'Tiny' Lister • Thomas Gaitsch • William Armstrong • Adam Kalesperis • Tristan Tait • Bronson Webb • David Ajala • Gertrude Mosley • Jonathan Ryland • James Scales • Nigel Carrington • Ian Pirie (I) • Lateef Lovejoy • Grahame Edwards • Roger Monk • Ronan Summers • Wai Wong • Michael Corey Foster • Hannah Gunn • Brandon Lambdin • Jeff Albertson • Tracy L. Aldaz • Matthew W. Allen • Stephen Armourae • Alisa Azpeitia • Mike Bach • Wayne Baker • Martin Ballantyne • Tommy Bartlett • Paul Bateman (II) • Blayne Bennett • Craig Braginsky • Jon Lee Brody • Douglas Bunn • Debbi Burns • Luke Burnyeat • Maritza Cabrera • Shirin Caiola • Fabrice Calmels • Josh Chapman • Laura Chernicky • Matt Cho • Henry Milton Chu • Ivan Lovegren • Kelli Clevenger • David Cosey • Rachel Daugherty • Bruce Allen Dawson • Danielle Day • Richard Divizio • Tony Domino • Jessica Doyle • Laine Edwards • R. Michael Egan • David William James Elliott • Dan Evashevski • Gene Fojtik • Reese Foster • Jason Frederick (VI) • Jason Fuller • Darren Elliot Fulsher • David Fultz • Scott Ganyo • Marisol Giraud • Tim Glanfield • Dan Gossen • Sharlene Grover • Natalie Hallam • Thomas Hartmann • Chris Hastings • Alexander Hathaway • Jordon Hodges • John Hoving • Sean Hynes • Bill Ibrahim • Gerard Jamroz • Charles Jarman • Erron Jay • Daniel Jefferson • Ramses Jimenez • Will Jones (VI) • Bob Kaliebe • Nicky Katt • Mark Keiser • Charlie Kierscht • Thomas Kosik • Don Kress • Ryan Kross • Tim Krueger (I) • Michael Kuster • Dan Latham • Joseph Lazicki • Donovan Leitch Jr. • David Lesley • Emily Lineham • Deborah Lynn • Noelle Lynn • Jonathan Macchi • Al Marchesi • J.R. Martino • Joseph Mazurk • Tom McComas • Krista McEnany • Ryan McGonagle (I) • James Mellor (II) • Denise Meyer Kennell • Joseph Nelson • Joseph Oliveira (III) • Sal Ozbay • Christopher Pastenes • Libby Pedersen • Greg Peterson • Ernest Pierce • Kevin Pitcairn • Rory Plante • Pek Pongpaet • Charles Query • Marc Radz • Buster Reeves • Sara Ritz • Peter Rnic • Gary Ryder (II) • Kelly Saindon • Elisa Schleef • Greg Schweiner • Jan Seybold • Amit Shah (III) • Vivek Shah • Michael Sherwin • Michelle Shields • Tina Simmons (I) • Sofiya Smirnova • John Snowden (I) • Lorea Solabarrieta • Dwight Sora • Bruce Spielbauer • January Stern • Robert Patrick Stern • Jordan Stone (IV) • Robert Stone (IX) • Richard Strobel • Albert Tang • Jim Templar • Chris D. Thomas • John Thurner • Tinnie Tong • Tom Townsend (II) • Chuen Tsou • John Turk (I) • James Warfield • John Warman • Joel Wasserman • Mike Whyte • Chris Wilson (XXIX) • Lisa Wolf (IV) • Debi Wollitzer • Essa Zahir • Kevin Zaideman … Minimer … Vis alle