The Darkest Minds

The Darkest Minds er basert på første bok i ein bokserie om ungdommar med overnaturlege krefter. I skrivande stund, to år etter at filmen kom, har ikkje ei filmatisering av den andre boka i bokserien byrja.

Den lettaste måte å kategorisere og forklare kva type film dette er, er å putte han i same bås som The Hunger Games-filmane og Divergent-filmane. Det er ein ungdomsfilm om ei dystopisk verd kor alle unge enten er døde eller har overnaturlege krefter som dei vaksne ser på som ein trussel.

Tid og miljø for filmen er relativt nær til vår eiga, berre nokre få år fram i tid.

Eg skrudde ikkje hjerne nok på undervegs til å forsøke å fange opp kva det er denne filmen vil sei. Eg var innstilt på han som lettare underhalding, og tykkjer det fungerer godt. Han er grusam nok til at det ikkje blir for tamt. Men ein del stader er han så enkel og dum at det kan irritere. Det beste eg kan sei om totalen er at han er midt på treet.

Det er likevel ei oppdikta verd eg er nysgjerrig på. Det skal filmen ha. Så eg håpar på ein oppfølgjar snart, og vil nok sjå han når sjansen byr seg.

The Darkest Minds 2018 plakat - Filmdagbok

Publisert

4. april 2020 av

Regissør

Jennifer Yuh Nelson

Manusforfattarar

Chad Hodge, Alexandra Bracken

Skodespelarar

Amandla Stenberg, Mandy Moore (II), Bradley Whitford, Harris Dickinson, Patrick Gibson (II), Skylan Brooks, Miya Cech, Gwendoline Christie, Wade Williams (II), Mark O'Brien (IX)Vis alle 137 skodespelarar

Sjangrar

Action, Eventyr, Drama, Romantikk, Science fiction, Thriller

Land

USA

IMDb

IMDb-side om The Darkest Minds