The Day After

The Day After, viss tittel ikkje må bli forveksla med den middelmåtige The Day After Tomorrow, er ei grafisk skildring av kva som skjer etter eit atombombeangrep. Laga for tv-stasjonen ABC i 1983 gjekk filmen over til å få kinodistribusjon i blant anna Noreg året etter, dette gav meg håp og forventingar til ein god film. På skodespelarsida har me dessutan John Lithgow, John Cullum frå Northern Exposure og Amy Madigan frå Carnivàle, for å nemna få.

Tittelen spelar tydeleg på at det er etterverknadane som er viktige her, for å skape sterke emosjonelle augneblinkar og gi truverd til scenarioet utover i filmen er det viktig og rett gjort å bruke ei stund på å bygge opp til det uunngåelege atombombenedslaget.

I staden for å køyre på med lykkelege kjernefamiliar og lystig musikk i fem minutt går det faktisk ei god stund med noko som kjennest lik ein pilotepisode for ein dramaserie med oppbygging til noko større, før alvoret rammar for fullt. Med radio- og tv-sendingar der snakk om invasjonen til Sovjetunionen av Vest-Tyskland er sentral og med filmplakat og handlingsoppsummering rundt omkring kjem ingenting som ei overrasking. Likevel, når dei første soppane sprett opp er det med frysningar langs ryggen eg ser det skje.

The Day After er først og fremst ein spelefilm, i motsetning til The War Game frå 1965 som tar for seg eit liknande scenario i dokumentarisk stil er karakterane viktige her i lag med at det heile ser autentisk ut. Som sagt er dette ei grafisk skildring, og det meste ser verkeleg lekkert ut, tatt øydeleggingane til vurdering, sett på det med alvor er situasjonen håplaus, skremmande og har ein sterk politisk bodskap. Rulleteksten stadfestar bodskapen.

Tona ned bruk av musikk er med på å bidra til det grafiske fokuset og bygge opp rundt temaet i det som kan seiast å vere ein publikumsvennleg film. Til å vere tv-produsert overraska han meg positivt på alle måtar og kan trygt bli samanlikna med ein ordinær film. Effektane er gode og elles er det svært lite ved The Day After som trekk i negativ retning.

Ved siden av motkommande tog er radioaktivitet ein av tinga som skremmer meg mest. Forventingane mine til dette som ein hypotetisk film, generelt kombinert med gode filmatiske karakterar, innfrir forventinga. Eg tykte også han nyttar to timar fullt ut. Om apokalyptisk fiksjon med rot i verknadane av atomkrig høyres spennande ut er dette ei anbefaling.

The Day After 1983 plakat - Filmdagbok