The Dead Zone

The Dead Zone er resultatet av eit manuskript basert på ein Stephen King-roman som har hamna i hendene på regissøren David Cronenberg, ein av regissørane eg dei par siste årea har valt å gradvis ploge meg gjennom filmane til. Her har ein 40 år gammal Christopher Walken fått hovudrolla og av biroller har me Martin Sheen og Tom Skerritt.

Johnny Smith (Christopher Walken) er ein mann med livet framfor seg, og han har ingen hast med å få kjærasten i seng. Så skjer det verst tenkelege, eit anfall av brå hovudverk slår Johnny ut av drift i akkurat mange nok sekundar til at han ikkje får tid til å reagere tidsnok til å unngå ei bilulykke. Då han vaknar opp igjen frå koma er det med ei evne til å sjå hendingar i framtid og fortid til personar han kan knyte ei fysisk kopling til. Denne evna går på rekning av hans fysiske vesen og Johnny får det alt anna enn lett i denne tida.

Det finst nok av halvdårlege og dårlege filmar der ute om personar med overnaturlege evner, heldigvis er ikkje The Dead Zone blant desse. Han klarar å gjere det til så mykje meir enn show off av eit kult talent. Her har me ei god kriminalhistorie, drama og ein mann som verkeleg slit med seg sjølv i tida etter ei ulykke, og gåva han har fått ved å kunne sjå på tvers av tid er i like stor grad ein tung bør som gjer livet enda vanskelegare. Eg forventa noko ekstra på grunn av involveringa til David Cronenberg, og blei ikkje skuffa sånn sett.

Det som gjer at eg ikkje heilt klarer å nyte dette fullt ut er filmen har ei svakheit når det gjeld å knyte saman dei ulike tidene i historia. Ikkje før har eg klart å involvere meg skikkeleg i karakterane og komme i takt med framdrifta så kjem det eit dødpunkt og eg følte det vart å starte på nytt igjen. Men at The Dead Zone gang på gang klarte å bygge seg opp igjen vitnar om at han elles var ein god film.

The Dead Zone 1983 plakat - Filmdagbok