The Death of Superman

Film / 2018
4/5

The Death of Superman er den beste DC Universe Animated Original Movies-filmen og den beste Superman-filmen eg har sett på lenge.

Som alle andre DC Universe Animated Original Movies-filmar så er det mykje action, slåsting og eksplosjonar i denne filmen. Men så har han også eit godt drama og kjem under huda på Clark Kent og spesielt forholdet hans til Lois Lane.

Dette handlar om tida då Lois ikkje kjenner til at Clark er Superman, men då deira forhold er relativt nytt. Clark lurer på om han skal fortelje kven han er. Medan Lois merkar eg Clark har hemmelegheiter. Dette slit på forholdet deira.

Ein meteoritt landar i havet, og i han er det ein mektig fiende. Justice League er på saken, men evnar ikkje å stoppe han. Lois døyper fienden Doomsday. Kan Superman hanske seg med Doomsday?

Tittelen røper utfallet. Men det er spennande likevel. Samtidig er det vissa om ein slutt som set eit alvorleg og oppgitt preg på situasjonen til superhelten. Eg blir rørt undervegs, og vil nok rangere denne blant dei beste DC Universe Animated Original Movies-filmane.

The Death of Superman har ein oppfølgjar i Reign of the Supermen, som eg gler meg til å sjå.

The Death of Superman 2018 plakat - Filmdagbok