The Decoy Bride

Ein skodespelar frå Hollywood og ein kjent forfattar skal gifte seg i ro og fred. Pressen og paparazzien er pågåande, og paret må til slutt gi opp å gifte seg nær heime. Dei oppsøker difor ein av dei mest avsidesliggande stadane, ei øy ytst i Hebridene utanfor Skottland.

Forviklingar oppstår då ein paparazzi får nyss om staden, og det må bli improvisert for at bryllaupet framleis skal bli halde hemmeleg. Romantisk komedie som dette er, så oppstår forviklingane ved at den lokale Katie (Kelly Macdonald) blir introdusert for forfattaren James (David Tennant).

Vidare er det lite vits å seie meir enn at resten av gangen til filmen er som forventa. Det er litt morosamt, men ikkje hysterisk. Det er grei romantikk, men ikkje rørande. Det som talar mest til fordel for filmen er plasseringa av handlinga. Kontrasten til storbyen som ein romantisk komedie med Hollywood-stjerner og liknande gjerne ville ha skjedd i, gir filmen eit lite preg av å vere jordnær. Eg vil si det er nødvendig for å få The Decoy Bride over dumpen.

Eg kunne gjerne tenke meg å bli meir kjent med karakterane undervegs. Det blir så vidt skrapa i overflata då mykje skal skje på ein gong. Enkelt sagt er The Decoy Bride ein overflatisk film. Som eg var inne på så er ikkje filmen rørande, og det er nettopp fordi eg ikkje blir nok kjent med verken Katie eller James.

The Decoy Bride 2011 plakat - Filmdagbok