The Details

The Details startar som ein litt for opplagt film, som prøver å vere lur ved å sy saman artige og tilsynelatande tilfeldige detaljar til ein fornuftig heilskap. Det tok litt tid å blir interessert i det som skjedde, men etter kvart skjer det meir for filmen enn at detaljane skulle henge i hop.

Tobey Maguire spelar ein lege som rotar seg bort i seriøst trøbbel, der ting berre blir verre og verre: Økomisk, ekteskapeleg, kriminelt. Alt på grunn av nokon vaskebjørnar som invaderer hagen, nokon grep for å bli kvitt dei, og eit par andre ubetydelege detaljar, som ikkje er så ubetydelege likevel.

Det er først når ting har rota seg verkeleg til at filmen blir interessant, og faktisk tar av. Den mørke sida ved komedien kjem fram, og det håplause går an å like slik som det er førestilt i denne filmen. Det har noko med at karakteren til Tobey Maguire har tatt visse val på nokon måtar som gir han skulda for ting som han kanskje fortener som følger. Eg vil ikkje sei at dette på ekte hadde vore ein bra ting, men i The Details si eiga snodige verd fungerer samanhengen mellom feil val og utfall godt.

I den store samanhengen er nok The Details ein noko anonym film, sjølv om han er fornøyeleg nok. Han gjer ingenting dårleg, men ingen på ein spesiell eller nemneverdig og skikkeleg god måte.

The Details 2011 plakat - Filmdagbok