The Devil Rides Out

The Devil Rides Out er ein grøssar frå 1968 med Christopher Lee i hovudrolla. Det er ein av Hammer Film Productions, som gav ut mange grøssarar av variabel kvalitet på den tida.

Eg såg filmen i lag med mange andre på ein liten filmfestival, Katakombefilm, og var nok litt trøytt når eg såg han. Så eg hugsar ikkje alt, men eg hugsar at det var ein stilig og habil film.

The Devil Rides Out 1968 plakat - Filmdagbok