The Devil Wears Prada

Kvifor djevelen ikkje bruker Gucci eller Dolce & Gabbana er ein formalitet. Det skal ikkje eit trent auge for å få med seg at The Devil Wears Prada har fått handa på ein solid haug nydelege og mindre pene klede, nydelege som kleda til Anne Hathaway for å vere spesifikk.

Filmen køyrer stil framfor det meste anna, og er kanskje ein av dei beste dramakomediar i år i sin sjanger. Då tenker eg i ei gruppe filmar som omsluttar Friends with Money og The Break-Up.

Meryl Streep som djevelen sjølv er ikkje til å unngå, og opningssekvensen er ein av dei betre i sitt slag. Men det er Anne Hathaway som er stjerna her. Ho har ein karakter som passar perfekt inn som Andrea før og Andrea etter. Meryl Streep spelar berre på å halde maska, og likevel om det er nok, så er det ikkje den mest imponerande jobben som er gjort i filmen.

Eg vart faktisk overraska over at filmen var så god som han var, for eg hadde ikkje forventa meg ein sopass balansert film, men heller fleire og mange opne utbrot av kjensler. Noko som ikkje nødvendigvis er så dumt, men fort ville ha blitt typisk.

The Devil Wears Prada 2006 plakat - Filmdagbok

Publisert

3. desember 2006 av

Regissør

David Frankel (I)

Manusforfattarar

Aline Brosh McKenna, Lauren Weisberger

Skodespelarar

Meryl Streep, Anne Hathaway, Emily Blunt, Stanley Tucci (I), Simon Baker (I), Adrian Grenier, Tracie Thoms, Rich Sommer, Daniel Sunjata, David Marshall GrantVis alle 83 skodespelarar

Sjangrar

Komedie, Drama

Land

USA, Frankrike

IMDb

IMDb-side om The Devil Wears Prada