The Dig

Film · 2021 · · 30. januar 2021
4/5

Netflix-filmen The Dig med Ralph Fiennes og Carey Mulligan handlar om utgraving i England på 1930-talet. Nærare bestemt den rike utgravinga ved Sutton Hoo. Mest handlar det om folka som tok del i utgravinga, og funnet fungerer som eit bakteppe.

Carey Mulligan spelar ei kvinne som sit på store landeigedomar, som ho og mannen kjøpte i lag. Tanken bak kjøpet var at det skulle gravast ut nokre haugar på eigedomen, men då mannen døydde blei planane lagt på is for ei stund. No har ho hente inn ein utgravar spelt av Ralph Fiennes, og vil få i gong graving.

Dei sentrale karakterane i filmen får gode historiearkar å følgje, som går sine eigne vegar og blir fletta godt saman for heilskapen. Det er ein film som skildrar mykje motgang, men også håp. Det visuelle uttrykket til filmen er prega av flotte bilder som passar det rolege tempoet til filmen. Plakaten i så måte kunne ha vore henta rett ut av filmen, med sitt kvite og gule lys på opne jorder.

Denne blandinga av pent og alvorleg med den eventyrlege spenninga til utgravinga gjer The Dig til ein film med god breidde til å setje pris på. Det er gripande og engasjerande skjebnar, samt litt romantikk og humor for å lette på trykket. Med stilen til filmen på bilde- og lydside kan det hende nokon blir utolmodige, mens andre ser gleda i å setje seg tilbake og nyte dette utan forstyrringar.

Les ei anna melding på www.lydogbilde.no.
The Dig 2021 plakat - Filmdagbok