The Disappearance of Eleanor Rigby: Her

Få dagar etter at eg såg The Disappearance of Eleanor Rigby: Them så sette eg i gang med The Disappearance of Eleanor Rigby: Her.

Av forventingar hadde eg både dei at The Disappearance of Eleanor Rigby: Her skulle bidra til større innsikt om den kvinnelege hovudrolla, vise nye scener som passa godt inn i historia, men eg var også førebudd på at det ville bli ein del gjentaking.

Eg traff med gjentakinga, men er elles mest forundra over korleis The Disappearance of Eleanor Rigby: Her nesten var like lang som The Disappearance of Eleanor Rigby: Them, men berre hadde eit par minuttar nytt, iallfall verka det som. Det er nok mange av scenene som fortel det same, men som har ein annan klipperytme i The Disappearance of Eleanor Rigby: Them.

Historia som blir fortalt er den same som i The Disappearance of Eleanor Rigby: Them, men utelukkande frå hennar ståstad. Om tida seks månader etter tapet av sitt barn, og om hennar forhold til mannen sin. Med unntak av at scenene som ser historia frå ståstaden til mannen er vekke, er dette som å sjå filmen The Disappearance of Eleanor Rigby: Them på nytt. Og det var ikkje den mest gripande filmen i utgangspunktet, så eg kjeda med strengt tatt gjennom mesteparten av The Disappearance of Eleanor Rigby: Her.

Eg vel likevel å gi filmen lik karakter som eg gav til The Disappearance of Eleanor Rigby: Them, ettersom filmen evnar å formidle historia like godt utan mannen innslag. Sjølv om eg kjeda meg er eg spent på korleis The Disappearance of Eleanor Rigby: Him blir. Mitt inntrykk av The Disappearance of Eleanor Rigby: Them var at det handlar mest om dama. Så enten vil The Disappearance of Eleanor Rigby: Him vere enda rausare på å dra ut scener og senke klipperytmen, eller han vil innehalda ein del nytt. Det er lov å håpe.

The Disappearance of Eleanor Rigby: Her 2013 plakat - Filmdagbok