The Disappearance of Eleanor Rigby: Them

Filmprosjektet The Disappearance of Eleanor Rigby er eit eg lenge har sett fram til. Det er eit drama som har blitt til tre filmar, der same historie blir fortalt frå tre ulike synspunkt: The Disappearance of Eleanor Rigby: Them, The Disappearance of Eleanor Rigby: Him og The Disappearance of Eleanor Rigby: Her.

Eg tenker å skrive nokre ord om alle filmane, og startar med hovudfilmen, som er The Disappearance of Eleanor Rigby: Them. Han fortel om eit par som har mista barnet sitt, prøvd å komme vidare i livet, men som ikkje har lykkast med det. Jessica Chastain spelar kvinna, og James McAvoy spelar mannen. Filmen vekslar fram og tilbake mellom desse to karakterane, og i blant møtes dei.

Me får ikkje vite mykje om kva som har skjedd i byrjinga av filmen, men at det er noko alvorleg. At dei har mista barnet er ein detalj som blir nemnt i dei fleste samanhengane det står noko om filmen, og det var dette eg hadde å halde meg til lenge. Me kjem rett inn i livet til kvinna som er i ferd med å gjere noko drastisk. Denne handlinga styrer løpet til filmen vidare.

Det er ein overflatisk film, som viser kva karakterane gjer, meir enn å skulle formidle dei inste kjenslene deira via altfor intime dialogar og andre grep. Dette er ein fin måte å gjere det på, og gjer at filmen blir litt utanom det vanlege og forventa, men det gjer det også vanskeleg for filmen å gjere det sterkaste inntrykket. Dette blir det største minuset, at det tar langt over halve filmen før eg føler med karakterane.

Sånn sett blir The Disappearance of Eleanor Rigby: Them ein betre film sett i ettertid, enn han var mens eg så han. Det har eg ingenting i mot. Filmen hadde nok til å halde meg interessert og eg ønska å vite meir undervegs. At han ikkje evna å skape dei sterkaste emosjonane var ikkje det største saknet.

Totalt sett er The Disappearance of Eleanor Rigby: Them ein god film, men ikkje ein overveldande eller fantastisk film. Eg er spent på dei to andre filmane, om dei kan fortelja noko nytt, og om dei har nok historie til å bli eigne filmar, eller om dei drar det ut. Tida vil vise.

The Disappearance of Eleanor Rigby: Them 2014 plakat - Filmdagbok