The Draughtsman's Contract

Forelesing på universitetet klokka 08.15 og filmvising av The Draughtsman's Contract av Peter Greenaway.

Det var nok ikkje berre filmen som ikkje var spennande, men også det at å sjå eit kostymedrama tidleg på morgonen er ei utfordring i seg sjølv. Han hadde nok sine stunder denne filmen her og der, men det vart for få av dei, og dialogen var for tung å fordøye. Det er ingen god ting å døse av like etter det blir funne eit lik, og ein ikkje har peiling på om ein følger ei etterforsking eller kva som skjer.

Eg skal i grunn la vere å felle nokon endeleg dom over filmen, men vit at eg aldri vil sjå han igjen. Hadde eg visst det skulle bli så slitsamt å sjå på så hadde eg nok glatt hoppa over filmvisinga. Men sett er sett, og det er ingenting å gjere noko med.

The Draughtsman's Contract 1982 plakat - Filmdagbok