The Elephant Man

The Elephant Man av David Lynch er ein av dei filmane som har gjort størst inntrykk på meg på veldig lenge. Eg hadde faktisk gløymt at ein film kunne få fram så mykje. Om dette kjem av at eg ser ein del film, så det blir ein vanleg del av kvardagen, eller at eg ikkje har sett så gode filmar på ei stund, er eg faktisk usikker på.

Filmen handlar kort fortalt om Jospeh Carey Merrick, i filmen kalla John Merrick, eit namn også brukt i fleire samanhengar. Han er veldig deformert, spesielt i ansiktet, og blir kalla Elefantmannen. Merrick er eit offer for nysgjerrigheita til menneske, i og med at det alltid er nokon som ser verdien i å ta betalt for å stille han ut.

Ein dag får doktor Frederick Treves nyst om Merrick, og reiser for å sjå han. Han oppdagar at Merrick er sjuk, som i ikkje berre deformert, men at han har bronkitt. Merrick blir tatt til sjukehuset og får godt stell og får sjanse til å utfalde seg på eit meir intellektuelt basis. Overklassen får interesse for Merrick, og spørsmålet er om han eigentleg lev eit same type liv, men blir vist fram på ein annan måte.

Filmen er presentert i svart-kvitt, noko som eg må innrømme eg ikkje er så veldig glad i. Men her er eg glad det er svart-kvitt, for eg fekk eit mykje sterkare inntrykk om at dette skjedde for lenge siden, enn eg for eksempel fekk i Oliver Twist.

Ansiktet til Elefantmannen blir heller ikkje nok ein dårleg sminka utvekst i grelle farger. Dei grå og mørke miljøa set også ekstra dyster stemning på filmen. Men det må nemnast at dette ikkje er ein deprimerande film, og montasjen frå eit teaterstykke lengre ute i filmen var ein av dei betre og gladare eg har sett.

Musikk er eg ikkje så flink å sette andre ord på enn god og dårleg. I denne filmen er musikken god. Han er komponert av John Morris og er veldig stemningsfull. Han passa veldig godt inn, og nok ein David Lynch film for meg har dermed halde seg med god musikk.

Hadde eg servert bilde frå filmar i denne bloggen, ville eg ikkje lagt med bilde av Elefantmannen. Har du sett han, så har du sett han. Men har du ikkje, så anbefalar eg sterkt det å bli overraska, og det å måtte sitje og vente for å sjå han.

The Elephant Man 1980 plakat - Filmdagbok

Publisert

19. april 2006 av

Regissør

David Lynch (I)

Manusforfattarar

Christopher De Vore, Eric Bergren, David Lynch (I), Frederick Treves, Ashley Montagu

Skodespelarar

Anthony Hopkins (I), John Hurt, Anne Bancroft (I), John Gielgud, Wendy Hiller, Freddie Jones (I), Michael Elphick (I), Hannah Gordon (I), Helen Ryan (I), John StandingVis alle 88 skodespelarar

Sjangrar

Biografi, Drama

Land

USA, Storbritannia

IMDb

IMDb-side om The Elephant Man