The Escort

The Escort er ein romantisk komedie som i grove trekk kan minne om Pretty Woman, ein film som blant anna blir referert i The Escort.

Men det er ikkje ein sukkersøt romantisk komedie. Og det er meir komedie enn romantikk. Noko som er velkomme.

I sentrale roller spelar nokolunde ukjente Michael Doneger, og Lyndsy Fonseca som byrjar å få ein del filmar og seriar bak seg. Sjølv kjente eg ho igjen frå How I Met Your Mother, kor ho spelar den framtidige dottera til Ted.

The Escort er ukomplisert, men har hjarte. Ein journalist får sparken, og skal skrive ein omfattande artikkel for å få foten innanfor hjå eit nytt magasin. Han har nyleg møtt ein eskorte på ein bar, og det blir så til at han vil skrive om livet hennar.

Kjekk mann, pen kvinne og romantisk komedie. Ein og ein blir to. Men filmen tar seg god tid, og gir merksemda til mykje anna i livet til desse karakterane før han går for det uunngåelege. Og det er nettopp det eg likar, ei god oppbygging som gir meining til gangen i filmen. I motsetnad til filmar som er fyll på veg mot den gode slutten.

No er ikkje The Escort topp på alle punkt heller, så nokon høg rangering blir det ikkje. Til det ville eg hatt meir meiningsfullt drama, og romantikk som sit betre. Men komedien var på plass.

The Escort 2015 plakat - Filmdagbok