The Evil Dead

Sidan Army of Darkness var så underhaldande som han var, så fann eg det like greitt å sjå korleis Evil Dead-serien starta, og gav meg i gong med den første filmen.

Ash, dama og tre andre venner har fått tak i ei hytte på ein tilsynelatande aude plass. Dei reiser ut dit for å sjekke tilstanden på hytta, for å drikke og ha det gøy. Men det viser seg at hytta og skogen omkring er heimsøkt av menneskekjøtetande demonar. Skumle greier.

Samanlikna med Army of Darkness så brukar denne faktisk litt tid på å komme i gang, og har ei oppbygging som er enklare å følge med på. Det er litt knirking, hamring med dører og skumle lydar før det etter kvart byggjer seg opp til å bli skikkeleg blodig. Faktisk noko av det blodigaste eg har sett på ei god stund Eg fann meg sjølv i å sitje å sei usj og skjere grimasar av det, som er veldig bra.

Bruce Campbell har ikkje blitt den hardbarka helten han var i Army of Darkness, men er ganske normal i starten. Dei fæle episodane ser likevel ut til å prege han etter kvart, og det blir godt festleg å sjå han spele utover, spesielt mot Richard DeManincor. Eg ser glimtet i auga på dei innimellom.

The Evil Dead 1981 plakat - Filmdagbok