The Ewok Adventure

The Ewok Adventure er første av to Star Wars avspinnarfilmar om dei teddybjørnliknande skapningane. At George Lucas heiv seg på nok ein tv-film etter floppen The Star Wars Holiday Special var enten tøft eller dumdristig gjort. At eg sette meg ned og såg The Ewok Adventure var det same, enten veldig tøft eller veldig dumt.

Men det skal mykje til for å bli så dårleg som The Star Wars Holiday Special. Likevel om denne filmen ikkje var spesielt god var han langt betre. For det første slapp eg den kvalme brune fargen på bilde som The Star Wars Holiday Special er prega av som eit gammalt tv-opptak. The Ewok Adventure har i det minste blitt pussa litt opp og gitt ut på video.

For det andre er nok denne filmen meir påkosta, og han har betre skodespelarar. Framleis ikkje gode, men betre. No var nokon av dei originale frå Star Wars-mannskapen med i The Star Wars Holiday Special, og å sei at gjengen i denne filmen er betre enn dei vil nok vere feil i samanheng med den originale trilogien.

Handlinga i filmen går ut på at eit star cruiser-romskip krasjar på planeten til teddybjørnane og ungane på skipet blir skilt frå foreldra sine. Ungane må få hjelp av pelsdottane til å finne forelda og dei legg ut på ei lita reise som kan minnast om den i The Lord of the Rings. Dei får alle utdelt ulike våpen og utstyr av ein trollmannbamse før reisa startar, og på vegen møter dei blant anna ein stor edderkopp.

Filmen gav meg ikkje noko nytt med tanke på Star Wars-historie, og var ikkje anna enn tørre prestasjonar i eit forelda filmsett. Bamsane er irriterande stygge, men heldigvis ikkje på langt nær så irriterande som wookies.

The Ewok Adventure 1984 plakat - Filmdagbok