The Expendables 2

Om The Expendables 2 bevisst prøver å sjå litt frynsete ut i kantane er eg usikker på, men det passar. Slik som at actionsekvensane er over toppen, og dialogen er banal.

Måten kjente skodespelarar dukkar opp på er svak. Det tar ikkje gleda frå oppmøta, men det blir for stort trykk på referanse og historikk til tider. Det framstår som ein slett manusjobb.

Utover det flotte visuelle, over toppen valdelege og enkle, men sjarmrike uttrykket står filmen midt i mellom to sider. Skal det vere ein enkel actionfilm med logiske brester, eller er det ubevisst? Dette trekk litt ned.

The Expendables 2 2012 plakat - Filmdagbok