The Expendables 3

The Expendables 3 er som dei førre The Expendables-filmane ei unnskyldning til å samle gamle heltar og levere reindyrka actionfilm. Det er ei god unnskyldning, og som tidlegare så leverer også denne filmen som forventa.

Det som er forventa er god action, og ikkje stort meir. Handlinga er enkel, vår gjeng med gamle travarar er ikkje gode nok for Sylvester Stallone lenger, og han får inn ein gjeng med nye folk. Men som me alle skjønnar, så er det ein kombinasjon av gammalt og nytt som vil redde dagen. Trusselen er den same skurken som tidlegare.

Balansen mellom massive, meiningslause eksplosjonar og dristige, imponerande stunt er fin. Eg har mest sansen for sistnemnte, og det er dette som reddar filmen. I tillegg synst eg også at humoren er på plass her. Problem som The Expendables hadde med daudtid og redigering, og The Expendables 2 hadde med å gjere ei for stor greie ut av gamle heltar, er borte her. Mitt inntrykk er at dette er ein meir vellykka, om enn endå mindre original, actionfilm enn sine forgjengarar.

The Expendables 3 2014 plakat - Filmdagbok