The Family Stone

Så var det jul igjen, iallfall hjå familien Stone. Dette er nok meir eit romantisk drama enn ein romantisk komedie, ein sjanger som gang på gang spyr ut det same drite. Og som eg gang på gang plukkar opp i håp om å komme over noko betre, noko som faktisk skjedde med 50 Ways to Leave Your Lover.

Men tilbake til The Family Stone. Denne filmen gir oss ingenting nytt, og heller ikkje noko god julestemning. For ja, ein god julefilm skal kunne få deg i iallfall litt julestemning, uansett årstid. Denne filmen er heller ikkje særleg morosam, for å ha det klart. Han prøver derimot å spele på at trist blir ekstra trist rundt juletider, noko som han kanskje ikkje klarar så veldig godt, men litt skal han ha æra for å få til.

Dessutan, er det andre enn meg som absolutt ikkje tykkjer at Dermot Mulroney er nokon god skodespelar, noko eg har fått vel fram i mine få utvalte ord om The Wedding Date. Sarah Jessica Parker på den andre sida, har eg heller aldri hatt særleg sansen for, men i denne filmen var ho faktisk litt sjarmerande, om ikkje akkurat det beste av skodespel eg har sett, så iallfall den beste rolla eg har sett ho i. Resten av gjengen her er ikkje verdt å nemne, dei fleste er gjengangarar i sjangeren, og Luke Wilson gjer ikkje stort ut av seg, for dei som har sett The Royal Tenenbaums.

The Family Stone 2005 plakat - Filmdagbok