The Fat Albert Christmas Special

The Fat Albert Christmas Special er ein tv-spesial frå 1977 med Fat Albert. På 22 minuttar blir ei handling som har henta inspirasjon frå historia om Jesu fødsel og A Christmas Carol fortalt.

Det er kjedeleg, fritt for humor, men ikkje fritt for latterboks. Det går seg litt til etter kvart som spesialen utfoldar seg, men det er stort sett på grunn av spora etter kva som blir prøvd gjort, heller enn resultatet.

Det blir derfor eit kort innlegg, og ingen anbefaling. Og i mangel på underhaldning gjekk eventuell julestemning i vasken også.

The Fat Albert Christmas Special 1977 plakat - Filmdagbok