The Final Cut

Nokon folk vil nok tykke ein film som denne er kjedeleg og sær, men eg likte han. Robin Williams er ein mann eg forbind med Insomnia, One Hour Photo og Good Will Hunting. Mange vil nok heller kjenne han igjen frå dårlege familiekomediar, noko eg prøver å gløyme at han har spela i.

Likevel om dette er ein science fiction-film så har dei klart å halde tilbake på bruk av høgteknologisk utstyr. Dei har gitt datamaskinene, eller redigeringsutstyret til filmredigeraren, eit trepanel så det får ein stil lik møblar frå 1960- og 1970-talet. Eit smart trekk for at filmen heller ikkje skal bli datert så fort. Ikkje det at WarGames har blitt dårlegare då, men likevel.

Tanken om at ein mann vil spole seg gjennom alt ein person har gjort i livet sitt er på mange måtar ekkelt. Frå dei første barnestega via første samleie og kanskje gjennom ei valdtekt eller to, før personen drep nokon? På ein annan måte er det interessant å følge eit menneske slik. Det er jo vanleg for eit menneske å vere nysgjerrige på korleis andre folk lever.

The Final Cut 2004 plakat - Filmdagbok