The Final Girls

Tre år etter ei jente (Taissa Farmiga) mistar mora si (Malin Akerman), ein tidlegare kjent skodespelar frå ein oppdikta Friday 13th-liknande film kalla Camp Bloodbath, deltar ho på ei kombinert filmvising og minnemarkering for mora og Camp Bloodbath-filmane.

Ting skjer, og me har flytta oss med vennegjengen i filmen inn i verda til Camp Bloodbath. Altså er dei blitt ein del av filmen i handlinga til filmen handling, og må prøve så godt dei kan å overleve der.

Det er ingen dum idé, og The Final Girls har mange gode og fantasirike innslag. I grunn er det ein hyllest til slasher-film frå 1980-talet, og innfallsvinkelen er frisk nok til at det går. Både komedien og stemninga fungerer. I mange år har slasher-parodiane herja som håplause filmar. The Final Girls blir si eiga sak, og klarer å styre unna det dårlege når han sjangerblander grøssar og komedie.

Som hyllest er dette ikkje ulikt mykje anna, nemleg proppa full av referansar i ting, bilde, personar, musikk og det som er. Men nivået i dyktig attgiving av denne perioden har blitt sopass høgt i mange filmar dei siste åra, at det fort skin gjennom om det ikkje er meir enn referansane ved ein film. Ved å seie at det ikkje skein gjennom i The Final Girls håpar eg å kunne plassere filmen rett.

Samtidig vil eg framheve at dette ikkje er perfekt, og kunne ha falt meir i smak. Stundene i filmen som er meint å røre fungerer ikkje, og har ei sopass sentral rolle at det må bli trekt ned for. Om enkelte stunder i det heile skulle vere meint å skremme, så skjer det ikkje, men akkurat dette gir ikkje store utslaget.

Trass i det berre litt over gjennomsnittlege nivået denne filmen ligg på, kan eg anbefale han til komedieglade, slasher-glade og 1980-talsglade individ.

The Final Girls 2015 plakat - Filmdagbok