The First Purge

The First Purge er den fjerde Purge-filmen i rekka. Han har ei handling som er lagt til før alle dei andre filmane, då han handlar om den første utreinskinga som blei gjort.

Ei relativt nytt politisk parti har komme til makta. Dei har vunne fram med eit forslag om å utføre ei eksperimentell utreinsking på Staten Island. I Purge-filmane går utreinskinga ut på at alle menneske i løpet av tolv timar får lov til å herje, drepe, rane og utføre andre handlingar som elles er kriminelle. Argumentet til det nye partiet er at utreinskinga vil gjere innbyggjarane lovlydige resten av året.

Me følgjer denne første utreinskinga etter kvart som ho utfaldar seg. Me får vite kva som skjer både på Staten Island og i kulissene til dei som overvakar eksperimentet. Blir det vellykka, kjem det blir å verte eir årleg nasjonalt tiltak. Og me veit ut i frå dei andre filmane at det er utfallet.

Det er mykje action. Og med eit oppdikta og drygt bakteppe historie sett til verkelegheita slik som her, så blir det litt djupne til actionfilmen. Og det er jo kult. Det er ikkje den beste av filmane, men nivået på alle saman er elles ganske likt. Så sjansen er stor for at du vil like denne om du likte dei andre, og motsett.

  • The First Purge 2018 plakat - Filmdagbok
  • The First Purge 2018 plakat - Filmdagbok
  • The First Purge 2018 plakat - Filmdagbok

    Publisert

    15. februar 2020 av

    Merkelapp

    Purge

    Regissør

    Gerard McMurray

    Manusforfattar

    James DeMonaco

    Skodespelarar

    Y'lan Noel, Lex Scott Davis, Joivan Wade, Mugga, Patch Darragh, Marisa Tomei, Lauren Luna Vélez, Kristen Solis, Rotimi Paul, Mo McRaeVis alle 109 skodespelarar

    Sjangrar

    Action, Grøssar, Science fiction, Thriller

    Land

    USA

    IMDb

    IMDb-side om The First Purge