The First Time

The First Time er ein film i mi gate. Det er eit tenåringsdrama av den litt lette typen, inkludert komiske element.

I hovudrollene har me Dylan O'Brien og Britt Robertson. To unge tv-skodespelarar som byrjar å bli rimeleg kjente.

Det er god kjemi mellom desse. Og sjølv om premissen for historia er enkel, blir det enn så ekte på grunn av det.

Det er også noko med at filmen tonar ned motstanden som dukkar opp til eit akseptabelt nivå. Og at klisjeane blir lette å svelge ved at sjåaren observerer dei gjennom augene til dei som deltar.

Sjølv om eg ikkje opplever noko nytt, involverer filmen meg på ein måte som gjer handlinga til ei stor greie. Eg har sett nok av halvdårlege filmar til å legge merke til dei som veit å bruke dei enkle verkemidla rett.

Det overraska meg ikkje at dette blei bra. Jon Kasdan står for manus og regi. Mannen regidebuterte i 2007 med ein annan favoritt, In the Land of Women.

Det skadar nok heller ikkje at den etter kvart meir kjente Britt Robertson tilfører sjarm og stort talent til filmen. Ho spelar dessutan ei jente med personlegdom etter min smak.

The First Time 2012 plakat - Filmdagbok